Bjørnstigen

Bjørnstigen2.jpg
 



Bjørnstigen er ein bratt og krevjande tur. Me går i underkant av 1000 høgdemeter på 2,5km. Oppstigninga går langs ein rygg, som kan vera noko luftig. Ein bør derfor ikkje vera redd for høgde. Mogleg med sikring i tau forbi dei verste partia dersom nokon føler seg uttrygge, men det skal normalt sett ikkje vera nødvendig. Flott utsikt over Fresvik på toppen. Også moglegheit til å ta seg ein dukkert i elva dersom dette fristar! Om Ruben er guide vil han fortelje om då han knakk halebeinet på denne turen.

Lengde: Ca. 5 km t/r.
Vanskegrad 3/5
Tidsbruk: Ca 5t
Moh: 1055
Stigning: 1000