Huldakyrkja

Huldakyrkja2.jpg
 

Huldakyrkja

Denne turen går frå Engi og først opp til Huldafossane på god sti. Deretter blir det svært bratt, og ein må klatre i tau for å ta seg fram. Når ein har komme forbi klatringa kjem ein opp til Huldabotn, turen går vidare i ulent terreng og elva til Huldafossane må kryssast (utan bru). Like før ein kjem opp på Huldakyrkja går ein på ytterkanten av den mektige Fresvikbreen. Det kan vere behov for stegjern om det er mykje is.

På toppen av Huldakyrkja kan ein skue utover dalen ein har gått opp, og om sikta er god er det ingen problem å sjå bl.a. Hurrungane som ligg i Jotunheimen. Like bak seg har ein Fresvikbreen.

På returen kan ein enten gå attende same vegen, som er ganske bratt, eller gå over til Tundalen for ein snillare nedstigning, men noko lengre distanse.

Lengde: Ca. 12-18 km t/r.

Vanskegrad 4/5

Tidsbruk: Ca. 8-10t avhengig av retur-rute

Moh: 1380

Stigning: 1100