Om oss

logo bag.png

Sigbjørn guide.jpg

Sigbjørn Bøtun (30)

Sigbjørn er turmann med stor T. Jobbar i DNT Drammen, der utekontor er favoritten. Har vandra i fjella frå han var liten, har lidenskap for kajakk, klatring og ikkje minst telemark. Den første til å gjennomføre MASSIV-ruta saman med Ruben Bøtun. Busett i Drammen.

Kompetanse Sigbjørn:

  • Grunnkurs skred, NF-godkjent

  • Vinterturleiar, DNT

  • Sommarturleiar, DNT

  • Grunnleggande turleiar, DNT

  • Videregående førstehjelp, nivå 3. FS-godkjent.

  • Instruktørkurs HLR og førstehjelp, NIH.

  • Aktivitetsleder hav, kajakk - NPF godkjent.

  • Nybyrjarkurs kano - NPF godkjent

  • Brattkort, NKF-godkjent.

  • Årsstudium friluftsliv NIH, 60stp


Dag Einar guide.jpg

Dag Einar Bøtun (31)

Dag Einar har bakgrunn som fallskjermjeger og spesialjeger, men har no byta ut jeger-livet med bondelivet på familiegarden i Fresvik. Topptur vinter og sommar er den store lidenskapen, og det er lite som gledar så mykje som å vise fram den storslåtte naturen Fresvik har å by på.

Kompetanse Dag Einar:

  • Brattkort, NKF-godkjent

  • Grunnkurs skred, NF-godkjent.

  • Praktisk pedagogisk utdanning -60 stp.

  • Snowboardinstuktør 1, - DNS-godkjent

  • Skiinstruktør 1 Alpint, - DNS-godkjent

  • Videregående førstehjelp, nivå 3. FS-godkjent

  • Kajakk grunnkurs, NPF-godkjent.

  • DNT-ambassadør kurs.

  • Brekurs- UIS.

  • Friluftsliv UIS, 50stp


Bøtun Adventure Group er eit lite selskap beståande av 4 guidar. Me er spesialiserte på turar i og rundt Fresvik i Sogn.
Selskapet blir drive av guidar som har vokse opp i Fresvik, og nytta fjella og fjorden som eiga leikegrind i mange år.

Våre turar er ikkje bunde til ein bestemt fjelltopp eller ei bestemt rute. Me er klare til å skreddarsy turar etter dei besøkande sine behov og ønskjer, slik at du skal få eit størst mogleg utbytte når det kjem til vanskegrad, lengde, opplevingar og natur.

(ønskjer de ein spesifikk guide på dykkar turar, må det gjerne nemne dette når de tek kontakt:)


Våre guidar:

 

Marie Bag.jpg

Marie Stensholt (30)

Marie er tøff som få, og snillare enn nokon. Marie elskar å opphalde seg utandørs, helst med ski eller snowboard på beina. Har også brei erfaring med kajakk, klatring og brevandring. Busett i Fresvik med Dag Einar.

Kompetanse Marie:

  • Grunnkurs skred, NF-godkjent

  • Brattkort, NKF-godkjent

  • Brekurs, UIS

  • Praktisk pedagogisk utdanning, 60stp

  • Lederstilling Gi Gass 2016-2018

  • Snowboardinstuktør 1, - DNS-godkjent

  • Skiinstruktør 1 Alpint, - DNS-godkjent

  • Aktivitetsleiar og guide i klatreparken Aktiv Fritid Tjøme.

  • Kajakk teknikk-kurs, NPF-godkjent.

  • DNT-ambassadør kurs.

  • Friluftsliv UIS, 50stp


Ruben guide.jpeg

Ruben Bøtun (34)

Ruben jobbar til dagleg i Sogn og Fjordane skogselskap i Sogndal. Tenestegjorde førstegangstenesta i Marinejegerkommandoen og har globetrotta etter det. På fritida er turar, både på ski og til fots, høgt på prioriteringslista. Den første til å fullføre MASSIV-ruta saman med Sigbjørn. Tidlegare jobba som personleg trenar, så han kjem garantert til å til å gi deg motiverande ord undervegs :)

Kompetanse: Ruben

  • Prestasjonspsykologi I, II og III.

  • NFFs Trener 1 - kurs

  • Bachelor i utmarksforvaltning

  • Bachelor i skogbruk

  • Personleg trenar kurs nivå 3 (CYQ Level 3) - TTR Academy - Newcastle, UK.

  • Rangers First Respons kurs (førstehjelp).

  • Naturveiledning (Guiding), INN

  • RO2-sertifisert droneoperatør, Luftfarttilsynet


TUNDALEN i Fresvik. Ein fantastisk vakker dal, som også er inngangen til Verdsarvområdet.