Middagshaugen

Middagshaugen1
 

På Middagshaugen får ein fantastisk utsikt over både Fresvikbreen, Fresvik, Sognefjorden og fjella på nordsida av Sognefjorden.

For å gå til Middagshaugen har ein fleire valmogelegheiter. Ein kan gå frå Skard (550 moh), som då gjer at turen går relativt flatt, i jamn stigning gjennom eldre furuskog. Denne turen passar også for dei minste.

Elles kan ein gå frå Fresvik, som då går på smal sti i ganske bratt stigning (ca 2 km og 500 høgdemeter) opp til Holten. Dette er ein mykje brukt sti av dei lokale i Fresvik, som gir god utsikt over bygda og fjorden. Når ein kjem til Holten er det jamn stigning til Middagshaugen (ca 2,5 km og 200 høgdemeter). Undervegs går ein forbi områder som er brukt for hjortejakt av lokale og sølepyttar som hjorten badar i. Går ein varsamt kan ein få auge på rikt dyreliv som blant anna ekorn, storfugl og hjort.

Lengde: Ca. 7 km frå Skard til Fresvik, (evt. 5 km t/r frå Skard eller 10 km t/r frå Fresvik)

Vanskegrad 2/5

Tidsbruk: Ca. 2,5-3t

Moh: 750 

Stigning: 200 m (frå Skard) eller 650 m (frå Fresvik)