Fresvikbreen

breen2.jpg
 

For å komme seg til Fresvikbreen finnes det fleire alternativer der ein kan gå inn både frå aust, vest og sør - me skreddersyr ut ifrå ditt ynskje. 

Frå aust er det ein moglegheit å starte frå Engi i Fresvik kor ein startar med å gå opp til Huldafossane på god sti. Deretter blir det svært bratt, og ein må klatre i tau for å ta seg fram. Når ein har komme forbi det vanskelegaste partiet flatar det ut, men turen går i ulent terreng frem til ein møter breen (les meir: her). 

Eit anna alternativ er å gå gjennom vakre Tundalen som var og er ein viktig ferdselsveg for både folk og fe frå Fresvik. Turen går heilt inst i Tundalen og opp bratta til Vassosen, før ein bevegar seg nordvest mot Fresvikbreen. På tilbakevegen kan ein gå same vegen ned att, eller gå turen som ein rundtur. Me tilbyr også tur over breen til Jordalen kor ein kan overnatte i hytte eller telt. 

Dersom ein ønskjer å bestige breen frå sør eller vest, er startpunktet i vakre Fresvik-Jordalen som har vore nytta av Fresvikjene i generasjonar til stølsdrift og jakt. Turen startar då på omlag 1000 moh, noko som gjer at det blir noko færre høgdemeter å bestige. Også her møter ein på eventyrleg natur på vegen mot toppen av Fresvikbreen. Alternativa kan vera rundttur, same vegen tilbake, eller vandring over til Fresvik.