Huldafossen

Huldafossen.jpeg
 

Turen går frå Engi gjennom Storedalen til Huldafossen i lett terreng. Huldafossen er ein del av Storelvi som renn gjennom Fresvik, og fossen har to parallelle fall på om lag 90 meters høgd. I tillegg til dei flotte fossane, gjev turen høve til å oppleve vakker utsikt opp mot Fresvikbreen og den særmerkte toppen Huldakyrkja.

Størsteparten av turen går i Nærøyfjorden landskapsvernområde som blei verna i 2002.


Lengde: Ca. 6 km t/r.
Vanskegrad 1/5
Tidsbruk: Ca. 2t
Moh: 380
Stigning: 80